Anne Kleppe

Fra Wikikilden
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. 131-134).

Inkje rett langt fraa Hugukyrkjunn i Vaagaa, ligg de ein Gard, som kallast Kleppe. Der ha de i gamle Daagaa livt nokre taa dessa Storfolkom, som aatte di støste Gardann paa Vaagaa. Ein taa dessa rike Knaapom der paa Kleppe hadde ei Dotter, som heitte Anne. Vakrare Gjente gjekk inkje paa heile Vaagaa, aa te aa laate paa Fela va ho so reint ska’go, at ho kunde setja[1] Folk paa Flekken, der døm sto, berre ho tok nokre Strauk paa Fela. Friare va de nok taa, maatta, sjaa ei slik vakker Gjente, aa rik va ho derte; men ho vilde lengje inkje veta taa nugun taa døm. Men so kom de ein, som ho nok tykte um, for trast ette spurdest de i Bygdenn, at de va reint visst me Anne Kleppe aa Thor. Men utover Vinteren døyde Thor.

Somaaren ette reiste Anne paa Sæteren, som ho hadde brukt fyrr, aa va der heile Somaaren like te Sjogen kom, da laut ho heim. Paa den Tie ho hadde vore i Sæteren va ho vurte so reint tungsinnt, at de va myki sjelda aa sjaa henna lægje.

Um Vinteren skulde Bror henna eingong aat Sæteren ette Høy. Da han ha lesst Lasse sitt aa va ferdog te aa reise, gjekk han lite utpaa Sæeterkve’e, for aa sjaa seg um. Der vart han var Beine taa eit Baanlik, som vel ein Rev ell Ulv hadde grave upp utu Sjogje. Ette han va komen heim aat Bygdenn, taalaa han um dette, aa da Spurlage kom for Øverheitens Øyra, vart de trast Staak. So blei Anne Kleppe sett fast, som ei, som skulde ha drepe Baane sitt, aa grave Like ne paa Sæterkve’en. Men alt døm gjorde for aa faa henna te aa staa te, hjaalp alder ein Grann. So vart ho dømd, aa Domen va soless, at Anne Kleppe skulde rettast. Da ho inkje vilde søkje Naae sjaa Kongen, hadde ho inkje naagaa meir aa vænte.

Dagen fyrr Anne skulde misse Live, kom de ein Skarprettar aat Vaagaa fraa Kristian. De va ein ung vakker Kar, aa snill va hann au, so ingen kunde skyne, korless han va vurte Skarprettar. Hann høyrde Folk taalaa um denna Gjenta, kor vakker ho va, aa korless ingen taa Skyldfolkom vilde sjaa te henna, for døm tykte, de va ei stor Skamm, at slikt skulde hendast i deres Slekt.

Saa gjekk da Skarprettaren dit, som Anne sat for aa freiste paa aa trøste henna. Ja trøste gjorde han nok paa beste Maate, men tes meir han trøsta henna, tes meir brende han se sjøl. Han saag nok for djupt i di vakre Augom henna, Stakkar! Da han gjekk ut att, va han reint som tulle.

Næste Dagen skulde da Straffe ske. Da Anne kom fram, ba ho um aa faa segja nokre Ord. De fekk ho Lov te aa tok til soless: „I de som e er forklaagaa for, er e reint oskuldog; e ha alder drepe Baane mitt. De føddest paa den einslæge Sæteren, men Live va utslukkje lengje fyrr de saag Ljose taa Dagje. Ve hass Namn aa for hass Andlet, som e no trast ska staa for, si e, at soless e de aa inkje anderlein, aa te Vitne paa de, be e no te Gud, at paa Aar aa Dag berette ska vekse fram paa mi Grav tri Tre: ein Hegg, ein Rogn aa eit Bringjebertre. Aa so be e døkk, dessom de bli so, um døkk vil flytja Kyrkjegardsmuren soless, at e fæ kvile i vigd Jord.“ Da ho hadde sagt detta, la ho viljugt sitt Hugu paa Blokken; men Skarprettaren sto der bleik som eit Lik aa va inkje go for aa komaa taa Flekkje. Anne ba honom um aa skunde se, men de hjaalp inkje. Tesist tvinga Vagte han, aa han greip da Økse,“ men han va so tulle i Hugue, at han høgg i Mist. Fysst de tre’a Høgge gjorde de aav me henna. So kasta han Økse like i Elve aa la uppover aat Skagsnebb (eit høgt Fjell tett ve Kyrkja). Der sat han lite aa saag neover aat Kyrkjunn, so stupte han seg utover, for han tykte, naar han hadde drepe den, han helt mest taa, so hadde han inkje meir aa leva ette.

Men paa Gravenn henna Anne Kleppe voks de upp tri Tre, soless som ho ba um, aa Kyrkjemuren e for lengje sia flytt, so Grave hennar no e paa Kyrkjegarde. Men no e Tree burte; de taalaast so smaatt um, at ein ell an’ taa den stolte Slekte ha ti døm burt, for de han inkje vilde haa, slikt Minne paa Slekte si. Men la døm taa’ Tre’e! keim Anne Kleppe va, gløymest inkje paa Vaagaa so snart! De livi Folk paa Vaagaa enno, som forsikra, døm ha set Tre’e paa Gravenn henna Anne, da døm va Baan.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.
  1. setja Folk = klumsa, førtrolla.