Riddarspranget

Fra Wikikilden
Segner fraa Bygdom utgjevna av det norske SamlagetH. E: LarsenI (s. 128-130).

I gamle Daagaa budde de paa Vaagaa ei gjæv gamal Riddarslekt som heitte Gjæslingarne. Dessa Riddarne hadde budt Son ette Far i lang Ti paa Sandbu. De va ein taa døm som heitte Ivar. Han hadde lengje helde paa aa kranglast me ein Riddar fraa Valdres um eit Fiskevatn aa ein Dal som heiter Himdalen. Valdresen gjorde Sandburiddare all den Ska’en han kunna komaa te me. No hadde Sandburiddaren ei Dotter, som Valdresen hadde faatt Hug te. Denna Gjenta va so reint ska’vakker, at ho kallast Skaarvangssole, aa de va ette ein Gard, som Sandburiddaren aatte lengst uppi ein Krok taa Vaagaa. Han likte inkje denna Friingje aat Valdresriddare, men Gjenta dessmeir. Da Valdresen kom aa ba um henna sjaa Riddare, sa’e Sandbu’en, at de skulde alder ske me hass Vili. Friaren laut da gaa; men han lovaa de, at Sandbu’en skulde komaa te aa angre de.

De lei ei Ti fram. So fekk Sandburiddaren Hug te aa gjeste ein Riddar paa Lesja, som han skulde lite fraa fyrr, for den Kroppen hadde ti fraa honom naagaa Fe ein Gong. Dotter hass va att heime, aa han va inkje komen langt, fyrr ho sende Bo aat Valdresriddare, at han skulde koma, for so hadde dessa tvaug taalaa de fyrr. Han kom da de fortaste han orka, aa fekk Gjenta me se aa sette Eld paa Sandbu me di Ordlagom: „no gale den rau’e Hanin over Ulvehi’e;“ aa so bar de burtover mot Valdres. Men han kom ikkje lenger ell te Fuglsæteren den Kvelden, for han trudde ikkje, at Sandbu’en skulde komaa heim att so snart.

Men um Kvelden kom han Ivar heim aa fekk sjaa Garden sin lagd øy’e aa Folke drepne aa Dottere røva; da skynte han kem de va som hadde vore der. So tok han ette burtover Fjelle. Um Natte kom han aat Fuglsæteren, aa da døm rei framover Myrinn, ba han Ivar Sveinenn sine um aa taakaa smaae Bjørkebusko firi se paa Hestom, at Valdresen ikkje skulde merke, at de va gale paa Ferde. De lykkast au for døm, so døm kom over Valdresen i djupaste Søvn. Alle vart drepne so nær som Riddaren sjøl aa Gjenta aa ein Svein. Riddaren tok Gjenta unde Arme. Han fekk ikkje Hesten sin me seg, aa de va inkje tenkjand for honom aa komaa so langt som aat Bru’nn over Sjo’e. Han tok da Beinveigen over Fjelle, for han visste ein Sta ein kunne hoppe over Sjo’e. Daa døm kom dit, va Gjæslingen atte i Hælom paa Valdrese. De va ikkje Ti te aa umraa seg. Sprange over Sjo’e e ikkje so myki breidt, men paa Valdressi’a e de naagaa høgre, aa so e de berre ein liten Flekk som de e flatt, aa kjem ein inkje nettupp dit, so dett ein n’i, aa derifraa kjøm ein alder uppatt. Riddaren sprang te me Gjenta unde Arme aa kom over. Men Sveinen hass naadde inkje fram; han bleiv der. Gjæsling vaaga seg ikkje ette men snudde heim.

Si’a kom de te Forlik millom Riddarom soless, at Valdresen fekk ha Kjeringje si i Fre, men han laut gjeva Gjæsling baade Himdalen aa Fiskevatne, som døm hadde trætta um.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.