Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/15

Fra Wikikilden
Hopp til: navigasjon, søk
Denne siden er korrekturlest
15

ſo ſlaa dei over til ſin Motſetning, og den Romerretlige Setning kjem fram: summum jus summa injuria, det er: den ſtørſte Retten verdt til den ſtørſte Urett. Og det er atter med dette ſom naar Skapningar verdt fødde med ein liten Feil: dei ero friſke og fine, alt til denne fær utvikla ſeg. Dette er f. Ex. den arvelege Tæring, Hjarteſjuke oſv. Eg har kjent eit Syſtkynlag af fire ſtore og ſterke Brødrar, ſom ingenting vondt viſte af, for ſo i det ſekstiende Aar, daa det med eit kom paa, ſo dei døydde af Hjarteſjuke. Den uendeleg fine ſjuke Prikken i Grunnfræet, Organisme, ſom ikke for var merkt nokot til, den voks daa fram og gjorde Ende paa Livet.

Ja, ſo gjeng ei Lære „ſvanger“ med ſin Undergang og ſi Ulykka for Samfundet. Dette har altid voret Ulykka med dei fagre Fridomsſetningar f. Ex. dei navngjetne fraa 1789, og dette har likeins voret Tilfellet med all Ordens- og Autoritetslære, ſom altid førde til Deſpoti og Mekanik i Rikslivet. Schweigaard var, ſom alle vita og hava ſagt, ein Ordenens og Autoritetens Mann. Det var Juriſten med dei greide Formler, ſom fraa ſin eigen Natur maatte ſkapa Livet etter Lod og Vinkel, og viſa burt ifraa ſeg og ſi Rikslære alt uklaart og framifraa. Poeſi, Philoſophi, kort alt det friare og meir ubundne Andarliv vardt vel tolt og lønt, likſom det var rumhendt med alt fraa den Kant, naar det paa nokon Maate kom Ein under Statstanken og ſtilte ſeg lydigt under Autoriteten, men ſlike frie Kunſter kunde ikke faa Plaſs i det Syſtem, ſom var ſo uendeleg praktiſk. Det var derfor ikke at „ſpenna Araberen fyre Matkjerra“ at ſetja Schweigaard in i alle desſe praktiſke Livsſtillingar, men det var netup at lata