Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/16

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
16

Mannens indre Natur koma til sin utvordes Rett i Livet, „koma paa si Hylla.“

Dette var naturlegvis og Grunnen til, at han so godt høvde til denne Hylla og utfylde sin Livsplats so vidunderlg godt. Dette er altso og baade Stordomen og Smaadomen hans. Det er med eit Ord hans Afgrensning, og dermed og det „plastiske“, som det so tidt med Rette var Tale om, at han var. Han var plastisk baade af Likam og Aand. Det var netup Autoritets- og Embætsmannen i beste Meining, for han stod sine Tummar over Ombodsmaalet. Han var Uniformens Mann, om han so personleg var for stor til den, ikke so at han lik Storegut

„sprengde sin Uniform sunder“

men so, at han liksom var for god til den. Og derfor bar han og sjeldan sine Ordener, og mest løynde deim burt, naar han paa ein Maate var nøydd til at bera deim.

Han var sjølv for god og stor men likevel Skjærmaren, Borgensmann for dei mange, som eg skreiv desse Vers om:

Dit Framgangsvilkor i ein Sum
er so, eg sagde tidt og lo:
„Vær litso litet vis som dum
men midt imillom baade tvo.“

Ja, Guten min, du kan meg tru,
at du verdt like myket feit,
naar det med deg er so, at du
formyket hell forlitet veit.