Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/14

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
14

nest ikke rettare en at hava leset om at det er tenkt med i Rædsla paa eit Samfund, der ein Jurist, so framifraa som han var i sit Slags, skulde hava stor Inflytelse paa Riks- og Folketanken.

Og naar so daa Schweigaards store Exempel og det praktiske Utslag af hans Livslære og Rettstydningar hadde sett slike „praktiske“ Folk up paa Styrestolen i kver Grein alt ifraa Statsraaden og ned til den mindste Ombodsmann, so var desse „Autoriteter“, som vardt forsvarad af denne blaute Mannen, so dei kjende seg trygge, og so der aldri kunde vera Tanke om, at dette burde vera anderleids. Paa denne naturlege Maaten er det komet til det, som det no er, og som eg ikke her nærare kan leggja ut, men berre mynta paa.

Det er dette aandlause Regelverk af ein Ombodsbolk, som verdt kallad Byrokrati. Og dette stend no liksom faderlaust graatande. Det var naturlegvis eldre en Schweigaard dette Regelverk, men han styrkte og skjærmad det og var den gjæve Mønstermannen for det; „Byrokratiet vardt idag boret til Grava“, sagde eit fint Hovud. Der er myket sannt i dette som i alle aandfulle Uttryk, men fullsannt var det naturlegvis ikke, likso litet som det er fullsannt, at Schweigaard var slik ein Regelverkets Mann; han var personleg for aandfull til dess. Men so gjeng det: Læra naar lenger en Mannen, og Exemplet liver, naar han er burte. Det er med os alle so, at vaare Tankar og Setningar ikke ero sanne lenger en til eit vist Punkt. Det er so med Ordspraak og Poesi og endaa meir med juridiske Formler. Verdt derfor alle desse til eit vist Punkt gode og sanne Ting drivne for langt og praktisk sette in i Livet forat spinna seg ut til sine ytste Endemaal der,