Side:Vinje - Om Schweigaard.djvu/13

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest
13

livet, og Aand og Tanke i denne Samanheng og Riks- og Livsupfatning maa vera klaar og greid for kver, ſom har Auga til at ſjaa med og Øyra til at høyra.

Det „praktiſke“ i Livet er all Ære værd, og vi er eit litet Folk, ſo det ſkulde ſynes, at dette maatte vera det eine turvande. Men, underleg nok, det ſom ſkal gjeva eit litet Folk Rett til at liva, det er nokot annat. Millioner agtværdige Dragarar paa Matkjerra kunna ikke gjera Teneſte for ein einaſte „Araber“. Det er alt godt kvert til ſit Bruk, men naar det ſkal vera Tale om ein Folkets Mann i den ſtore Stilen og om ein Monarch in the realm of thought (ein Herſkare Tankeriket), ſom Englenderne ſegja, daa verdt ikke ſerſkilt praktiſke Menn nevnde. Naar Engelſkmannen likſom ſkal forſvara ſit aandelege Liv og ſin Rett til at liva ſom eit Folk, daa maa Shakeſpeare, Bacon og Newton fram. Blackſtone, Campell og Brougham ſlaa ikke til, ikke eingong Canning eller Pitt. Om dette er fyrſte Rangs Folk i ſi Grein, ſo ero dei det ikke i det ſtore og breide Tankeliv. Det er ikke eigenleg Menn i den rette Meining af dette Ord. Dei hava ikke brotet nye Baner. Der er ingen ny Tanke komen in i Verdens- og ikke eingong Rikslivet med deim. Dei hava brukad godt det „givne“ og tydad og lagt det ut og ſett det i god Stil paa ſin Maate.

Og ſo med Schweigaard her. Han vilde netup ſvara til den engelſke Blackſtone, ſom dei engelſke Juriſter enno etter hundrad Aars Tid ſegja, var nær paa makalaus. Men Folket, Nationen, Utlandet, Verden veit den ſtort om honom? Vilde Englands Hiſtori voret anderleids, om ikke han hadde voret til? Det er ikke meir en ſovidt, at Englands Hiſtoriſkrivarar nevna Mannens Navn, og eg min-