løner seg endaa mindre slikt, som det er. For Letingen og Skarven vilde dette vera den beste Fatiklog. Ein annan Ting kann det vera paa Stadar, der Husmannen hever Jord, endaa dette ogso er det gamle Armodsstell, som ikki dyrkar upp Jordi paa den rette Maaten, og øydelegger Skogen til Ved og alle dei Smaahus. Dette hever eg seet i nie af dei tie Tilfælli i dette liksom nyrudde Land, for det ser ut endaa i dei rikare og tettare Bygdarne, liksom Landet nyst var tekjet i Bruk af nye hit flutte Rudningsmenn, der ein og annan hadde klorat og gravit her og der burt i Bakkarne nokre Smaaflekkir, liksom naar Høns kara og spruta attikring seg, so der er ein liten svart Prik her og der millom Skogar og Røysar.
som eg vil kalla Olaf og Hans, toko det paa kver sin Maate og vaaro berre samtykte i den eine Ting, og det var at liva i Ufred med kver andre baadi heime til Gards og for Retten, og gjera kverandre dei største Meingjerd, som dei kunde baadi med Gjærdi og Ledgrindar og Driving og Beiting paa ein annans Eign med Buskap og Svin og Høns og alt det, som drivande er. Det var ikki tenkjande paa at beinka seg etter kverandre i slikt. Det hadde saksøkt burt mangein god Skilling um Sanka-Vegir, Beite-Rett og Vatsrennur, so dei hadde vorit ei god Vinning for mangein gild Sakførare. Det tapade mest Saki kver si Gong, so deira Ære var i den Vegen like stor, og vorde med det eggjade upp til at halda paa, daa dei saago, at Retten ikki helt med den eine framum den andre. Det er liksom med Kortspil slikt, og paa denne Maaten taka ogso Folk det.
Gardarne deira vaaro ogso bytte ut paa den Maaten, at det saag ut som gjort til eit dagstødt Meinspil, endaa der i Odalen ikki er so ille med Sameign og Millom-Teigar som paa mange andre Stadar og det endaa i slike Bygdar som Eidsvoll og Toten f. Ex. Det meste af Vestlandet og Nordanfjølls er det no aldri rødande um, for der er