Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/8

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent
8

Og kjem for det han burt eit Bil,
han betre atter koma vil.
Som Verdi gjekk, fyrr me kom til,
so etter os ho ganga vil.
Den største Mann, det stolte Syn
mot Folkets Sol er som eit Lyn.
Naar der er myrkt, det lyser bjart,
men blinkar burt, og alt er — svart. —

Med desse Tanker foor eg uppigjenom Bakkerne til Skogen mot Odalen og snudde mig ikring altsom tidast og saag tilbake ned paa det fagre og rike Eidsvoll og uppetter Vorma mot Mjøsen og nedetter mot det grasgode Land og den kornvisse Jord i det store Nesgjeld. Det er eit Land med ei stor Framtid, og det gjenger baadi fort og vel til Upplysning og Magt.

Eg stod liksom paa den evste Fjøl af den smale Midten paa denne Kornbingen for Landet og saag Nord og Sud til baade Endarne.

Austyvir denne tvo Mil breide Skog er ein Gjeiteveg paa Forfedra Vis med Jordhyttur ikringom austigjenom ville Skogen, so der kom rjukande Røyken upp gjenom eit rundt Hol i bratte Bakken. Halvnakne Ungar og fillutte og svarte Foreldri komo ut or disse Jordholurne, liksom Folk segja, det er ikring Rom. Underlegt er det, at dei gode Eidsvellingar, som korsom er maa føda desse Armodsfolk, ikki heller hava deim buande nærare Bygdi, so dei laago lettare til og ikki turvte slita seg ut med at bera Matbiten sin upp i denne ville Skogen, som dei hogga ned der, meir enn dei vilde gjera lenger heime. Store Bygder maa endaa meir enn store Byar byggja seg upp Verkmanna-Hus (Arbeider-boliger) baadi for at spara Husfang og Ved og have sine Driftsfolk nær inn med Jordi, og so med dette sjaa betre etter, at slike Folk ikki ero late elder kaste si Tid burt til Unyttes; for den, som ikki kann føda seg sjølv, maa standa under Trugsmaal til at gjera nokot, naar han ikki er sjuk elder for gamal. Eit Starvhus (Tvangsarbeidsanstalt) maa til; det løner seg vel ikki endefram eit slikt Hus; men det