Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/10

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
10

det tidt med Aaker og Eng, som den Eine skulde eiga dei raude, den Andre dei blaae, den Tredje dei kvite og den Fjorde dei svarte Rendarne i ein raandutte Vev elder eit annat slikt Stykke Ty. Og so er der Skidgardar og Ledgrindar mellem kver Stripe. Det er inkje Under, der kann verda Jorddyrkning af! Og so all den daglege Trætte og Banning og Øydelegging af Skogen til Gjærdi! Nei slik Villmannskap i Jordeign var der ikki der i Odalen imindsto ikki millom han Olaf og Hans; men endaa var der meir enn nok at trætta og saksøkja um.

Hans var no ein gudeleg Mann, han, imindsto hengde han og endaa meir hans mange vaksne Born paa Hovudet, og las berre disse Smaabøkerne fraa Gram og Lammers Skrift og alle slike Trudomsbøker; ja Lammers var endaa der paa Garden i Fjor, og gjorde den nyst innreidde vesle Stova til Kyrkje for dei fem og tjuge Saudirne, han hadde til at gjæta i den odalske Kyrkjelyden sin. Dei store Svolkar af vaksne Born, Gutar og Gjentur, som Hans aatte, dei laago late og las um Daapen og Tru, so dei ikki eigong paa Folkevis bergade in dei stakkars Høydottirne og vesle Kornstraai paa den utrekne[1] Garden, som med Hus og alt saag ut lik det argaste Bruk paa Vestlandet og Nordanfjølls og i ei Fjøllbygd. Der fannst knapt ei Beite i den kaldsure Jord, og det var so det urde og krudde af Skjer i kver einaste Aakerleppen, og paa den steinutte Eng var der mest berre sjølvsaatt Gras som i gamle Dagar. Alt laag i Nukken (var forkuet) baadi Aaker og Eng, for Jordi var arm og vatnsjuk. Kvert Hus paa Garden berre ikki denne Kyrkjestova draup og lok og stod skakt og skjeivt med Stødur under.

Der var Lammers[2] i mange Dager paa denne Ar-

  1. at reka ut ein Ting sosom ein Gard er at bruka honom so, han Aar for Aar verdt verre.
  2. Eg burde vel ikki tala nokot um Lammers no, etterat han hever vendt seg um, men han finner vel snart atter paa slikt nokot. Og so er her mange Lammers’ar; og eg maatte her taka dette store Exempel til Upplysning i alle disse Trubrigd,