Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/11

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
11

modsgarden, og her maatte det taka somykit betre at tala um Rikdomen, som hans Trubrigd[1] vilde gjeva deim. Det rann honom vist aldri i Hug, at desse sterke unge Folk skulde dyrka og husa upp Garden sin i denne væne og gode Bygd; og naar han gjekk yvir Olafs Gard, so sukkade han yvir denne synduge Mannen, som gjorde Narr af dette heile Stell paa Grannegarden sin, og meinte, at det var betre at lesa mindre og gjera større Gagnverk. Han las vel Olaf ogsaa, men det var mest Tidender og Jordbruksbøker og slikt nokot, og so las han Bibelen men beint fram utan alle desse sjølvgjorde haardregne Tydningar, som alle desse Trudomsfolk setja hægre enn sjølve Bibelen. Det er desse Handgrip og Fotslag (Tempo) i Trui, som for deim er Hovudsaki. Olaf kjærde seg inkje um alt slikt, men meinte, at den sanne Tru er greid, og at det var sanne Ord, at der ikki skulde byggjast Tempel korkje i Jerusalem elder paa Garizim, men i Aand og Sanning; og likeins meinte han, at den, som skal vera ein god Mann for Himilen, fyrst maa vera ein god og gagnleg Mann for Jordi, og at Mannen fyrst skal læra seg sjølv, fyrr han lærer Andre. Paa sama Maaten meinte han um jordiske Ting, at all Tale om Landsens Fridom og Framvokster er Daarens Tale, naar han ikki sjølv fyrst skaper Fridom og Framvokster i sin eigen Heim. Derfor helt han heller ikki med Thrane i Riksstelling, likesolitit som med alle desse Thrane’r i Trudomen.

Olaf dyrkade Garden sin upp, so der saag ut som i ein Hagi. Han grov Veitur og braut Stein og bygde Hus og gjorde Treskeverk og alt det gildaste, som til er paa ein Gard. “Garden,“ sagde han, “er stor nok for tvo tri, og endaa vil kver Lut verda betre enn heile Garden, daa eg fekk honom.

    som øsa det arme uvitande Folk upp Landet ikring. I det Throndheimske vil det visa seg fraa ei onnor Side af Livet enn her i Odalen, men likso illt for det.

  1. brigda forandre (litit Gran) Trubrigd, Modificationer i Trui.