Der er soleides ingen Kjøl mellem os og Sverike paa den Kanten, naar Vatnet i Flaum flyter yvir. Dei tri Milir inn igjennem Vingerdalen til den svenske Grensa, er ei frostnem Skogbygd; men der er mange gode og fagre Gardar inn imillom; og da Ein kjem inn yvir Grensa, er Landet likeins langt inn etter, alt til Ein kjem langt inn i Eda Sokn og ned mot Arvika, der Landet vidkar sig ut og verdt meir og meir storslegit og fagert liksom vaart Uppland. Og paa Folket og Husstellet er der liten annan Skilnad, enn at Maalet der er nokot meir gamalnorsk enn her; og so er der no mindre og armare paa dei fleste Gardarne enn i vaare betre Bygdar. Det er paa Lag som Vestanfjølls, endaa eg totte, at der var reinslegare i dei smaa svenske Armodshus enn i slike Bygdar her. Og so er der store “Brukspatroner“ med sine Bruk imellom, so der er likso mykit Kunskap i eit sligt svensk Prestegjeld enn i eit af vaare vestanfjøllske elder upp i Fjølldalar. Det kann vel henda, at den svenske Aalmugamann er mindre boklærd enn vaar, for Skulevæsenet stender paa sama Fot der som her hundrad Aar siden, det vil segja, der er snart ingen annan Skulemeistare i Prestegjeldet enn Klokkaren. Men so var der so der paa den Kanten i Sverike, at kver „hemman“ (umpas: som vaare sokallade fulle Gardar) maatte sjølv syrgja for, at dei Unge lærde sin Kristendomskunskab, og Presten skulde derfor kvert Aar koma til eit slikt „hemman“ og halla Husforhør, som det verdt kallat. Og daa dei fleste „hemman“ kunna vera bytte ut i aatte nie Lutir med alle sine Torp (Smaaplasser, Husver), so var det berre liksom i kver Bygd, Presten kom; og so verdt vel fleire „hemman“ slegne ihop til eit Husforhør. Det er ein gamal god Skikk dette, og dersom kver Gard var paalagt at læra upp sine Folk, og der var ei so god Aand i Folket som paa sume Stadar f. Ex. i mi Heimbygd, so vilde Aalmugen læra meir enn med vaart Skulevæsen. Eg kjenner sume Folk der heime, som aldri hava gjengit i Skule, og dei ero dei beste; og eg fekk heller ikki meir enn tri-fire Vikur um Aaret i Skule, fyrr eg gjekk og las for Presten.
Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/15
Utseende
Denne siden er korrekturlest
15