Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/14

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
14


og Gardsdrift, so der er ein hugsam og klok Framgang i Upplysning og Folkeskikk. Det er so nær Byen, at Folket maa læra nokot, og der er baadi Timberskog og god Jord, so det er Bygdar, som hava ei stor Framtid baadi med Land og Folk. Det er liksom ei Fjøllbygd midt i det store og rike Uppland med det beste Vatsføre i ein Sidedal fraa Glauma upp til nordre Odalen og paa baade Sidur af Glauma i søndre. Men Jordi er betre i nordre Odalen, og Skogen rikare og laglegt liggjande fram mot den fagre vesle Sjø Sandungen og den større Odalssjø, som ligger saa laagt, at han aukar med Glauma upp igjenom den stille krokutte djupe Aaa, som er kransad ikring med dei beste Gardarne, som ein Mann kann sitja paa.

Det sokallade Odals Verk i søndre Odalen er ein af Landets fagraste og beste Gardar, og so vel vuksit med Hagar og Lystskogar og Veglundar, at det er eit sannt Herresæte, like hugsamt at liva som døy paa. Verket er nedlagt; men det gamle gjæve Stell paa Hus og Mark af dei gamle Eigarar af tysk Ætt stender atter, og verdt hegnt um; og der er komit Sagbruk og Bryggjarverk, so der enno er Liveveg for Mange; og so er det Sætet for denne store Eigendomsmann J. Bredesen, som paa den beste Maaten sambinder norsk og svensk med alle sine Eignedomar paa baade Sidur af Rigsgrensa og sin Handel langt inn i Sverike og gjenom Vatsdraget fraa Riksgrensa alt ned til Gøtheborg.


I Sverike og noket um det.


Der er stor Sanning i den rørande Vermelands Visa; for Vermeland er eit fagert Land og kan ogso verda eit rikt. Der seer ut som i ein norsk Dal her paa Austlandet, og den Aa, som kjem fraa Vingerssjøen gjenom Hovuddalføret renner over til Sverike, naar Glauma er stor, so denne vaar staute Aa kunde gjerne finna paa ein Dag at gjera Svensk af seg. Men fyrr me saago paa slikt, maatte me dæmma burt Millioner, for vel elska me vaare svenske Broder, men lata dei faa Glauma, gjera me ikki med det gode.