Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/13

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
13

andre. Eg hjælpte endaa han Olaf til at skriva ein slik Avisartikel, som var fraa „ein Bonde i Odalen.“ „Det er Synd,“ sagde Olaf, daa eg skreiv, at ikki eg og skulde hava lært meir i Ungdomen min. Men so fær eg taka det atter paa Borne mine, som eg sender sume af inn paa Byskulen. Det gjenger ikki godt etter denne Dag at eiga ein so god Gard og sitja lik meg som ein Staur i Selskap og Formannskap og alt det. Og sume af Smaagjenturne mine sender eg ogso inn til Byen for at læra Matlaging og Folkeskikk og skriva somykit som eit folkelegt Brev, um Gud lagar det so, at dei eigong faa seg ein Kjæraste.“

„Men,“ spurgte eg, “korleides lærer Hans upp sine Born?“

Aa du veit korleides slike Folk læra: dei tru at Kunskapen er syndug, og derfor læra dei, som dei driva Garden sin. Det seer likeins ut inn i Hovudet deira som ute i Garden; derfor verda mange ogso galne; her er tvo sende fraa denne Bygdi inn paa Gautstad. Men no skal eg fortelja deg ei logleg Rispe. Her var ei Gjente trulovad, men so gjekk ho inn i Lammersdomen, og so slog Kjærasten upp med hena. So gingo dei eit Aars Tid og liksom saago paa kverandre; tilslutt sagde Guten: „ja enno kann du gjera det, du vil, anten du vil gjeva upp denne nye Tru og faa meg til Mann, elder du vil tru og ganga som ei Møykjering.“ Det drog paa baade Sidur, men sterkast der, som Guten var, og so slog ho upp med han Lammers.

Ja det gjorde Gjenta rett i, sagde eg. “Ja, det maa du segja.“



I Odalen er utrulig mykit atter af det gamle Maal, og han Olaf var ein af dei beste i dette Stykket; men der er tidt ei rang Udtale af Ljodstavarne (Vocaler), soleides segja dei i for y f. Ex. Bien for Byen. Dette er ellers liksom paa Island i dei seinare Tider. Men paa sama Tid, som der er mykit godt og gamalt i Maalet, so hava dei gode Odøler tekjet upp mykit af det nyare og betre Husstell