Hopp til innhold

Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/12

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
12


Det var hugsamt at fara ikring paa Olafs Gard og sjaa, kvat der eigong kann verda af desse fagre Smaadalar, der Aaker og Eng og Lundar alt no lysa ned paa desse speglande svarte Votn[1]. Og um det enn maa verda sagt um desse Bygdarne, at dei ero langt framkomne, so liggja enno dei fleste Myrar og Jordi kaldsure og sukka etter den dyrkande Mannahand. “Det er ei Synd om slike Myrar“ sagde Olaf, “dei liksom beda os um Ljos og Luft og vilde so gjerne gjera os mette og rike.“

Hans derimot las i Trudomsbøker og let den sure Myr graata si Dogg so kald, at ho frøyste burt Vokstren ikring seg. Naar han so sat med si svarte slitne Trudomsboki desse sine drjupande og fallefærduge syndersigande Hus med froset Mjøl og rotnat Høy ikring seg, daa saag han liksom fyrst i Sanning dette Jordlivs Armodsdom og vardt best kveikt uppi Hugen sin til at syngja: „Far Verdi, Farvel!“ Livsens Griseskap og Stakkarsdom er liksom ei Uppelding af Hugen for slike Folk, eit Slags andlegt Rus likt Tyrkens Opium; og naar dei daa verda sjuke af alt dette svarte og late og armodslege Liv, so verdt Hugen endaa meir uppeldad. Eg hever altid lagt Merke til, at det er slik Armodsdom eller Sjukdom og Motgang, som skaper alle desse Trubrigd, og at gamle Syndarar ogso mest er med etter dei gamle Ord: „Naar Djevelen eldest, so verdt han Munk; og “naar Mannen hever slitit ut si Ungdomsmagt i Verdsens Teneste, so tener han utsliten vaar Herre paa Slutten.“

Olaf syrgde for at faa rumsame Kyrkjur og lagde paa den laglegaste Staden for Aalmugen. Baadi for dette og for han vilde faa gode Vegir, fekk han Uvenskap med mange fleire Folk enn Hans. Bygdi var for alt slikt deild i tvo Serlag (Partier), som attaat skreiv i Tidenderne mot kver-

  1. Flertal af Vatn. I o’et uttalast med eit Mellemljod af aa og o. Soleides i mange neutra: Vatn, Votn, Fat, Fot, Gras, Gros, Slag, Slog. Lass, Loss. Barn, Born. Kast, Kost. Lag, Log osv.