Side:Vinje - Ferdaminni.djvu/16

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
15


Det er Hugen heime og Huslesnaden, som maa læra upp det store Folk. Af Almugasskulen kann der aldri verda stort. Det er derfor taapeligt at døma um den svenske Folkeupplysning etter deira daarlege Almugaskular.

Dei Svenske synest ellers at taka Lesnaden som eit Band og Trugsmaal paa Smaaborni, for der verdt oftast gjort eit Barnebal, naar Skulen er sluttat, for liksom med det at gjeva Ungdomen Skadegjeld nett liksom Saarbøter til den Saarade etter eit Slagsmaal. Det er ein gamal Tanke dette, og her paa Landet tykkjest ogso dei fleste Born, at Skulen er ei Plage, for naar Skulen er sluttat, so dansa dei paa Heimvegen, og allramest gjera dei dette, naar dei hava sluppit fram for Presten; men Foreldri samla ingen Dans for deim af denne Grunn, endaa det vanlege “Konformationslag“ er ikki so langt ifraa slikt eit Bal etter Skulen paa det svenske “hemman.“

Men med alt fann eg paa mi korte Ferd ikki so stor Skilnad paa Almugens Bokkunskap der og her; og derfor trur eg heller ikki, at der kann vera stor Skilnad paa vaares og dei svenske Bønders Fridomshug og riksstellande (politiske) Sjølvstøda, for desse Ting veksa, alt ettersom Folk verda upplyste. All denne gamle Stortaling um vaare Odelsbønders Fridomshug og Sjølvstøda gjever eg ikki mange Pengar for, naar det med dette verdt annat meint enn den Fridomshug og Sjølvstøda, som Fuglen og Barnet hava; endaa kanskje me ero nokot betre enn dei Svenkse, afdi me hava liksom meir fengit raadt os sjølve og ikki vorit so bøygde under et Hardstyre; men at tala um ein riksstellande Tanke hjaa den store Armodsmengd og dei smaae Bruksmenn er etter mi Røynsla (Erfaring) berre ei Tale af halvgalne Diktarar og riksstellande Daarar, som anten ikki vita betre elder ogso vilja koma fram ved at høla (carressere) for Smaaborn. Upplysning og det stor Upplysning og Kjennskap til Livet maa til og endaa attaat dette Velstand.

Dei Svenske læra ellers lettere at lesa enn me, afdi det er deira eiget Maal, dei læra i Boki.

Det er sama Folket me og dei Svenske mindsto der