Side:Vinje-Diktsamling.djvu/168

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest
Vaaren.

Enno ein Gong fekk eg Vetren at sjaa for Vaaren at røma;
Heggen med Tre som der Blomar var paa eg atter saag bløma.
Enno ein Gong fekk eg Isen at sjaa fraa Landet at fljota,
Snjoen at braana, og Fossen i Aa at fyssa og brjota.
Graset det grøne eg enno ein Gong fekk skoda med Blomar;
enno eg høyrde at Vaarfuglen song mot Sol og mot Sumar.
Enno ein Gong den Velsignad eg fekk, at Gauken eg høyrde,
enno ein Gong ut paa Aakren eg gjekk, der Plogen dei kjøyrde.
Enno ein Gong fekk eg skoda meg varm paa Lufti og Engi;
Jordi at sjaa som med lengtande Barm at sukka i Sængi.
Vaarsky at leika der til og ifraa, og Skybankar krulla,
so ut av Banken tok Tora til slaa og kralla[1] og rulla.
Saagiddren[2] endaa meg unntest at sjaa paa Vaarbakken dansa.
Fivreld[3] at floksa og fjuka ifraa, der Blomar seg kransa.

  1. den sagte, afbrudte Duren.
  2. Af giddra, leike up og ned. Vaareimen, Dunsten, som leikar paa Vaarbakken liksom eit Sædekast.
  3. Fjæril, Sommerfugl.