Alt dette Vaarliv eg atter fekk sjaa, som sidan eg miste.
Men eg er tungsam og spyrja meg maa: tru det er det siste?
Lat det so vera: Eg myket av Vænt i Livet fekk njota.
Meire eg fekk en eg havde fortent, og Alting maa trjota.
Eingong eg sjølv i den vaarlege Eim[1], som mettar mit Auga,
eingong eg der vil meg finna ein Heim og symjande lauga.
Alt det som Vaaren imøte meg bar, og Blomen eg plukkad’,
Federnes Aander eg trudde det var, som dansad’ og sukkad’.
Derfor eg fann millom Bjørkar og Bar i Vaaren ei Gaata;
derfor det Ljod i den Fløyta eg skar, meg tyktest at graata.
Fraa Byen det berer.
Eg lyfter van Hatt.
Gud veit no den Dagen,
naar dit eg kjem att’.
Farvel Hovudstaden,
i deg var det best:
der fann eg dei Beste,
der lærde eg mest.
- ↑ Damp.