Side:Um målbruk i Statstenesta (1932).djvu/3

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er godkjent
3

Frå
Kyrkje- og undervisningsdepartementet.

Jnr. 415 D 1932.


Med kongeleg resolusjon av 29. ja­nuar 1932 er det fastsett:

«Etter § 2 i lov um målbruk i stats­tenesta frå 6. juni 1930 vert fastsett nærmare fyresegner um målbruk i stats­tenesta i samhøve med eit framlagt ut­kast, som lyder so:

1. Øvste styraren for eit statskon­tor avgjer kva mål kontoret til vanleg skal nytta i tenesta si, so langt han ikkje er bunden av lov eller fyresegner som vert gjevne i samhøve med lov.

2. Hev eit herads- eller bystyre gjort vedtak med krav på visst tenestemål i vedskifte med statskontor, skal alle statskontor som heradet eller byen sok­nar til, og alle statskontor med teneste­krins innanfor heradet eller byen nytta det målet som er kravt i prenta rund­skriv, fyrerit, uppslag, kunngjeringar og formfast vedskifte elles med teneste­makter og folk i heradet eller byen og sameleis mest mogeleg i onnor skriftleg sak-fyrehaving som kjem tenestemakter i heradet eller byen ved.

Dersom dei faktiske tilhøvi fører med seg at eit statskontor ikkje straks kann gjenomføra dette utan munaleg auka utgifter for det offentlege, kann