Side:Um målbruk i Statstenesta (1932).djvu/4

Fra Wikikilden
Denne siden er godkjent
4

kvart einskilt departement tilso lenge gjeva dispensasjon frå fyresegne i dette punktet.

3. Hev fleirtalet av herad og byar innan tenestekrinsen for eit statskontor gjort vedtak som nemnt i punkt 2, skal kontoret fylgja tilsvarande fyresegner for heile tenestekrinsen sin.

4. Krev nokon serskilt for seg visst tenestemål i ei pliktig teneste av eit statskontor, skal kontoret stetta kravet når det ligg fyre formular, fyrerit eller formfast tilfang elles til den tenesta det er spursmål um. Statskontor skal van­leg svara på brev frå einskildmann i same målet som einskildmannen sjølv hev nytta.

5. Kvart regjeringsdepartement for seg gjev utfyllande fyresegnar for dei ulike tenestegreinene sine til å gjera lovi fullverkande og fører tilsyn med at fyresegnene vert fylgde. Dessutan ligg det til kvart departement å syta for:

  1. At statskontor hev fyrerit på båe mål til formfast vedskifte i samhøve med punkt 2—4.
  2. At prenta rundskriv, uppslag og kunngjeringar som vert laga under eitt for heile landet, vanleg vert gjevne ut på båe mål soleis at kvar tenestekrins kann få dei på det må­let som er fastsett for kvar stad. Når det ikkje fell lagleg å gjeva ut