Side:Tolstoi-boki.djvu/99

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Anisja. Ja, imorgo sender me bod.

Matrøna. Ja det vore bra. Det er altid betre paa den maaten. Ja, me hev no havt bryllaup ute hjaa oss.

Aksinja. Kva høyrer eg? No i Vaar?

Matrøna. Ja, det er nok ikkje for ingen ting det heiter: naar fatigmann gifter seg, kjem det stutte næter. Det er Semjon som gifter seg med Marina.

Anisja. Den kjella hev lukka med seg!

Aksinja. Aa, han er vel enkjemann og sit med baan?

Matrøna. Ja med heile reidet fullt. Kvar skulde han vel finna ei skapleg gjente som vilde gaa inn i dette? No, so tok han henne, og ho er kisteglad.

Aksinja. Nei høyr! Ja, det gjekk vel ikkje det beste ord.... naa, naa; men bonden som ho fekk, hev han noko til godes?

Matrøna. Ja dei lid so vist ingi naud.

Aksinja. Nei, det maa du nok seia, kven vil gaa inn til ein baanefiokk? Det er no denne Mikalo her. Det er slik ein vælstandsmann...

Eit mansmaal (inne fraa grannegarden). Hei, Aksinja! Kvar fan hev det vorte av deg! Jag inn kui! (Aksinja spring).

Matrona (som fylgjer Aksinja med augo; høgt til Anisja). Ja det var daa væl at fesja kom i hus. No vil min gamle tullemikkel ikkje tenkja meir paa aa faa ho klappa saman med Nikita.