Side:Tolstoi-boki.djvu/98

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Matrøna. De syter vel for at presten kjem og gjev han den siste olje?

Anisja. Ja, etter som folk seier maa det vera helsotti han dregst med. Liver han til imorgo, maa me senda bod etter presten.

Aksinja. Det maa vera hardt for deg, Anisja! Det er som dei seier for eit gamalt ord: «Berre den veit kvar skoen klemmer som hev han paa.»

Anisja. Ja berre me snart fekk ein ende paa det, kva det no vert til.

Aksinja. Det trur eg. Der hev han no lege sjuk eit heilt aar og kan korkje liva elder døy. Du er daa bundi paa hand og fot.

Matrøna. Aa, det er ikkje so endetil aa sitja enkje helder. Det kan gaa an so lenge ein er ung; men er ein til aars, so er det ingen meir som vyr paa ein. Alderdom er gledetom. Um eg no skal nemna meg sjølv. Det er ikkje lang stubben heimanfraa og hit; men er eg ikkje so utasa at eg knapt kan staa. — Kvar er Nikita?

Anisja. Han er ute og pløgjer. Gakk innfor døri. Eg skal kveikja upp, so kan me faa oss ein kopp te, med’ me lettar hjarta for kvarandre.

Matrøna (set seg paa benken utanfor huset). Ja eg kan nok turva det. Eg er so trøytt, so trøytt. Kva det vedkjem at han fær den siste olje, so er det noko som maa til, det er visst. Det skal gjera so godt for sjæli, som dei seier.