Side:Tolstoi-boki.djvu/97

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


for det solenge du liver, (kviskrar). Hev du so gjeve han litt av den sterke teen?

Anisja. Aa ... (braateier daa ho ser Aksinja).

Aksinja (kjem gangande og stansar ved huset). Anisja! Anisja! Er det ikkje gubben din som ropar paa deg derinne?

Anisja. Nei det er berre ein slik stygg hoste han hev, det lydest mest som han skreik. Det stend berre smaatt til med han.

Aksinja (til Matrøna). Godag, vesle bestemor! Kvar kjem du ifraa?

Matrøna. Heimanfraa, veslemor. Eg skulde berre lydast um sonen min og senda han nokre skjortor. Løgje med det; ein tenkjer paa sine.

Aksinja. Ja det er sant. (til Anisja). Eg hadde tenkt aa bleika lereft; men dei seier det er fortidleg. Ingen av vaare hev byrja enno. (vil gaa).

Anisja. Hev det slik hast?

Matrøna. Hev presten vore her?

Anisja. Ja, kors! Han var her igaar.

Aksinja (til Matrøna). Eg seier deg, mor, det er uraad aa skyna kor livet kan hanga. Han er daa berre skinn og bein. Igaar var det no reint elegt med han. Han laag og kunne korkje gjøy elder gapa. Tilsist trudde me han var klar. Me hadde alt fenge han burtunder heilagbilætet og skulde rett til aa vaska han...

Anisja. Ja tenk! Men so vakna han upp med det same, og no gjeng han der inne og kravlar.