Side:Tolstoi-boki.djvu/100

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


(kviskrar). So gjekk ho daa endeleg. Hev du no give han av teen?

Anisja. Aa, rø ikkje um det! Hadde han berre døydt av seg sjølv! No døyr han ikkje korso, og eg hev berre synd av det eg hev gjort. Aa, eg arme menneskje! Kvi gav du meg daa dette pulveret!

Matrøna. Pulveret? Men kjære veslemor, det er daa sovepulver. Kvi skulde ein ikkje kunne gi det? Det gjer daa somenn ingen skade.

Anisja. Det er ikkje det eg talar um, men det andre. Matrøna. No ja, det med. Det er daa medesin som ein dokterar med.

Anisja (sukkar). Det er bra nok; men ein er rædd likevæl. Aa, kor han hev pint meg!

Matrøna. Kor ofte hev han fenge av dei?

Anisja. Tvo gonger.

Matrøna. Kunne du merka noko?

Anisja. Nei. Eg smaka paa det. Teen vart berre som ein liten kjend bitter. Han drakk likevæl ein heil kopp og sa berre: «Det er daa slett ingen ting eg hev smak paa lenger. No bryr eg meg ikkje um te helder meir.» Ja, seier eg, naar ein er klein, hev ein aldri smak for noko. Aa, Matrøna, du kan ikkje tru kor rædd eg vart!

Matrøna. Ein skal berre ikkje tenkja. Di meir ein tenkjer, di verre gjer ein seg det.

Anisja. Det hadde vore betre um du aldri