Side:Tolstoi-boki.djvu/101

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

hadde gjeve meg det styggetyet, og ikkje leidt meg ut i all denne freisting. Berre eg tenkjer paa det, kryp det i kvar ei aadr. Aa, kvi gav dumegdet!

Matrøna. Kvar vil du hen? Vaarherre bevars! Er det no eg som skal ha skuldi for det heile? Nei det seier eg deg, Anisja, skulde det koma ein knyst um dette, so er eg utanfor alt. Eg veit ikkje det allerminste. Eg kysser krossen paa, at eg korkje hev høyrt elder set elder gjeve noko slags pulver, ja at eg ikkje eingong veit at det bid slikt slag til. Tenk deg um. Det er ikkje lenger en sidan igaar me sat der heime og rødde um kor vondt du hev det, arme ting. Dag ut og dag inn aa gaa dragast med ei halvtullutt stykdotter, og ein sjuk og stakkarsleg mann, det er daa reint ei syndestraff! Eg veit ikkje sjølv kva eg kunne finna paa um eg var i din stad.

Anisja. Eg gjer meg helder ikkje betre en eg er. Slikt eit hundeliv kan nok gjera helvete heitt, so ein ikkje berre finn paa sovore, men... Der er ikkje anna fyre en aa gaa hengja seg, elder so sjaa aa faa han ut or verdi. Er dette eit liv?!

Matrøna. Det kan du nok seia. Men der er ingi tid aa spilla. Fyrst maa du sjaa finna pengarne, og sidan gi han litt av teen.

Anisja. Aa, eg arme menneskje! Eg veit slett ikkje kva eg skal gjera. Det kjem slik ein angest over meg. Nei berre han vilde døy av