Side:Tolstoi-boki.djvu/92

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

koma einkvan. Det er elles faafengt aa tala um dette.

Marina. Det er altso forbi millom oss, reint forbi? Du vil at eg skal gløyma det heile? So lat meg daa faa seia deg eit ord fyrr me skilst, Nikita! Eg hev vakt over mi ære som det dyraste eg hadde paa jord. Og so kunne du utan nokon verdens grunn gaa av og narra meg og sturta meg i vanlukke! Det gjorde deg ikkje vondt for den foreldrelause gjenta, (græt). Ja, du hev drepe mi sæle; men eg ber ikkje agg til deg for det. Vaarherre vere med deg! Finn du ei som er betre, vil du gløyma meg; men vert ho av det andre slaget, vil du koma til aa tenkja paa meg, Nikita, paa Marina! Farvel daa, naar det maa so vera! Kor eg hev halde av deg! Farvel daa, for siste gong! (tek han um hovudet og vil kyssa han).

Nikita (riv seg laus). Aa, ein kan verta galen av alt dette pratet! Vil du no ikkje gaa, so gjeng eg, og so kan du staa her kor lenge du lyster.

Marina (med eit skrik). Ditt dyr, du er! Nei, Gud vil aldri unna deg sæle! (gjeng).

Akulina (i kammersdøri). Du er daa ein god fark, Nikita!

Nikita. Naa?

Akulina. So som ho hylte, gjenta.

Nikita. Kva kjem det deg ved?

Akulina. Kva det kjem meg ved? Du hev