Side:Tolstoi-boki.djvu/93

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


velt henne nedi søyla, hev du. Og det same vil du gjera med meg, ditt avskum, du er! (gjeng, og slær døri i etter seg).

Nikita (aaleine. Etter ei lang togn). Du talar som du hev vit til, gjenta mi. Eg kan no eingong ikkje halda meg fraa desse kvinfolki. Det er det skire sukkergodt, — naar ein berre ikkje kjem gale i veg med dei, men daa er fanden laus (gjeng).

————————
Andre vending.

Ei gate i landsbyen. Rett fyre garden til Peter. Til vinstre huset med dør til gata. Til høgre porten og uthusi. Det er gjenge seks maanader sidan fyrste vending.

Anisja (stend utfor døri og tægjer hamp. Stansar og lyer). No murrar han der inne att. So hev han vel krope ned av omnen daa.

(Akulina kjem med tvo spann som ho ber i hissor).

Anisja. Han ropar. Gakk inn og sjaa kva det er han vil. Kor han brøler!

Akulina. Kvi gjeng du kje sjølv?

Anisja. Gjer som du er bedi!

(Akulina gjeng inn).

Anisja (aaleine). For ei plaage! Han vil