Side:Tolstoi-boki.djvu/91

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


trudde at du vilde halda av meg! Men no slepper du meg. Du hev ikkje bruk for meg meir.

Nikita. Det skil ikkje meg kva du der seier. Det kjem ikkje saki ved. Det er du som hev tuta far i øyro. Vil du no berre gaa din veg, det bed eg deg um.

Marina. Du veit sjølv at eg aldri hev halde av nokon annan en deg. Um du ikkje vilde gifta deg med meg, skulde det ikkje ha saara meg. Men eg hev ikkje forset meg imot deg det allerringaste. Kvi bryr du deg so ikkje meir um meg? Kvi?

Nikita. Kva nyttar det aa tala um det! Gakk med deg. De kvinfolk skynar daa ingen verdens ting.

Marina. Det er ikkje fanteferdi di som gjer meg vondt; at du hev lova aa gifta deg med meg og no gjeng fraa ditt ord; men at du hev vorte like glad um meg. Og det som piner meg allermest er, at du forlæt meg for ei onnor si skuld... Eg veit nok kven det er.

Nikita (gjeng burt til ho. Kvasst). Jau det skal hjelpa aa tala med dykk kvinfolk. Det bit ikkje vit paa dykk. Sjaa aa kom deg herifraa, seier eg. Elles gjeng det gale.

Marina. Korleis gale? Vil du slaa meg kanskje? Slaa vekk! — Kvi snur du deg burt? Aa, Nikita!

Nikita. Nei det sømer seg ikkje. Der kan