Side:Tolstoi-boki.djvu/89

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Nikita. Lat henne berre staa med Gud. Kva skal eg der?

Anjutka. Ho seier, at kjem du ikkje, so gjeng ho beint inn i stova til deg. Hjelpe meg, ho seier!

Nikita. Aa ho vert nok kjei av det, og gjeng.

Anjutka. Ja, so sa ho det med: »Han skal nok giftast med Akulina?«

Akulina (reiser seg fraa rokken og kjem nærmare). Kven skal gifta seg med Akulina?

Anjutka. Nikita.

Akulina. Hev ein høyrt so gale! Kven er det som kjem med slikt?

Nikita. Det er vel berre slikt folkedrøs. Kva meiner du forresten, Akulina? Kunne du kje igrunnen ha hug til aa gifta deg med meg?

Akulina. Med deg? Fyrr kan det nok henda eg hadde lyst; men no skal eg ikkje ha noko av det.

Nikita. Kvifor ikkje?

Akulina. Fordi du ikkje vil halda av meg.

Nikita. Korfor ikkje det?

Akulina. Du fær ikkje lov (lær).

Nikita. Kven for?

Akulina. For stykmor mi. Ho passar daa paa som ein smed og gjev vondt fraa seg, berre ein røer med deg.

Nikita (lær). Høyr paa henne! Du hev elles augo med deg.