Side:Tolstoi-boki.djvu/88

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


er berre dumt prat. Det er slett ikkje noko i det. Det heile er ganske beintfram.

Tolvte koma.
Nikita og Akulina.

Akulina (kjem inn med eit reip i handi som ho legg fraa seg ved døri og gjeng so burt til sidekammerset til høgre). Du kunne elles gjerne ha kveikt i lampen.

Nikita. For aa faa sjaa paa deg, kanskje? Eg ser deg likso godt utan ljos.

Akulina. Pass deg sjølv!

Anjutka (kjem farande inn og kviskrar til Nikita). Nikita! Skund deg ut. Det er eit menneskje som spør etter deg. Hjelpe meg Gud!

Nikita. Kven er det?

Anjutka. Marina fraa jarnvegen. Ho stend utfor novi.

Nikita. Du lyg, veit eg?

Anjutka. Hjelpe meg til Gud!

Nikita. Kva vil ho?

Anjutka. Ho sa du skulde koma. »Eg maa tala eit par ord med Nikita«, sa ho. Eg spurde kva det var; men ho vilde kje ut med det. Ho spurde berre etter um det var sant at du tok fraa garden. Eg sa nei, og fortalde henne at far din vilde ha deg heim og gi deg ei kone; men at du vart her vinteren over. Ho bad so hjarteleg at eg endeleg maatte faa deg ut. »Eg maa plent tala eit par ord med han«, seier ho. Ho stend no ute og ventar paa deg. Skund deg ut.