Side:Tolstoi-boki.djvu/76

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


so, at hev kje du bruk for det, so kan eg senda det til kona hans Michajlow... Du kjenner nok henne...

Anisja. Aa! berre eg ikkje kjem til aa trega det...

Matrøna. Trega det! Ja hadde du ein frisk mann, so var det ei onnor sak; men denne her er daa berre skuggen av eit menneskje. Han hev ikkje lang stundi att. Tru berre ikkje han er den einaste. Ein ser so mykje av det slaget.

Anisja. Aa eg arme menneskje! Eg er so rædd, Matrøna; berre der ikkje hender ei vanlukke. Nei, kva er det daa for noko!

Matrøna. No, so kan eg senda pulveret attende.

Anisja. Kva eg vilde sagt... skal det rørast ut i vatn liksom det andre?

Matrøna. Nei, han seier det er betre aa giva det i te. Han seier, at ein merkar ingen ting, korkje paa smaken elder lukti. Der sit eit godt hovud paa den karen. Du kan tru, han veit nok kva han gjer.

Anisja (tek pulveret). Aa, eg arme menneskje! Eg hadde nok aldri innlete meg paa slikt var det ikkje for det hundeliv eg liver!

Matrøna. Gløym ikkje rubelen. Han maa nok ha noko for bryet, og det var den siste eg aatte.

Anisja. Javist (gjøymer pulveret i ei dragkiste og tek ein rubel fram til Matrøna).