Side:Tolstoi-boki.djvu/77

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Matrøna. Lat meg no sjaa, fluga mi, at du gjøymer det godt so ingen merkar noko. Skulde det koma upp — Gud late kje hende! — so seg berre at det er til aa tyna kakkelakkar med. (tek rubelen). Det vert brukt mot kakkelakkar og, maa vita... (braateier daa ho ser folk koma).

Ellevte koma.
Dei fyrre, Peter og Akim.

Akim (krossar seg lenge andegtugt for bilætet paa den eine stoveveggen): Guds fred!

Peter (set seg): No, kor skal me so stella det?

Akim. Som me best kan, Ignatisch, det beste me kan. So det ikkje sodan vert til nedervall, um ein sodan gjev for mykje etter. Tingen er, det var bra um sonen sodan kunne koma igang, som ein seier. Men er du av den meining at ein ikkje kan faa det paa den leidi, so maa ein taka det paa ei onnor, som ein seier. Som ein best kan...

Peter. Sant og væl. Sett deg no ned, so kan me tala um tingen. (Akim set seg). Korleis var det so? Du vil ha han gift?

Matrøna. No, Peter Ignatisch, det hev altid gode stunder med det. Du veit sjølv kor me sit i det. Det er med naudi me greier oss sjølve, so kor skulde me tenkja paa aa faa sonen vaar gift?

Peter. Ja, det er noko de sjølve lyt raada for.