Side:Tolstoi-boki.djvu/75

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

oss med nokre pengar, so lat han berre vera her han er.

Anisja. Skulde Nikita gaa fraa oss — nei eg held det ikkje ut!

Matrøna. Aa, eg skynar det godt. Naar ein er ung... Det er misann ikkje spøk for ei kone som du i sine beste aar aa maatta liva med slik ein gamal utsliten trepinn.

Anisja. Aa, Matrøna! visste du kor lei og kjei eg er av denne gamle huskrossen eg maa dragast med! Eg kvider mot aa sjaa han for mine augo.

Matrøna. Ja du maa so seia. — Sjaa no eingong kva eg hev her (ser seg várt ikring). Eg var av til han du veit etter det pulveret. Han gav meg tvo slag. Desse her, seier han, er til aa sova paa. Eit av dei, seier han, er nok for eit mennekje til aa falla i slik ein svevn, at ein gjerne kan gaa paa han utan at han merkar det. Dette andre, seier han, er noko ein kan ha i drykk; det gjev ingen usmak, men det skal vera svært kor det virkar. Her er til sju gonger, med eit pulver um gongen. Lat henne berre gi det sju gonger, seier han, so skal ho snart vera fri.

Anisja (forskræmd): Aa! Men kva er det?

Matrøna. Etterpaa, seier han, er det ingen som kan sjaa elder merka noko. Han tok ein rubel for det. Mindre kunne det ikkje vera, sa han, for det er ikkje so lett aa faa tak i det. Eg gav han den siste rubel eg hadde; eg tenkte som