Side:Tolstoi-boki.djvu/71

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

giftarmaalet? Som eg ser tingen, er det spilt umak; for naar eg skal seia som det er, so hev eg ingi lyst.

Matrøna. Bevars! Kva skal det giftarmaalet til? Ver du her du er. Det er berre gamlingen som tyt um det. Gakk so med deg; me skal nok greia dei ting utan deg.

Nikita. Det var daa underlegt. So skal eg giftast, og so vert det ikkje noko av det. Eg er ein krakk um eg skynar noko av dette (gjeng).

Niande koma.
Anisja og Matrøna.

Anisja. Kor er det so, Matrøna? Tenkjer de verkjeleg paa aa gifta han burt?

Matrøna. Vil du fyrst seia meg, min engel, kva han skulde ha aa gifta seg paa? Du veit sjølv kor me sit i det. Det er berre gubben som gjeng og vrøvlar um at sonen plent maa gifta seg. Men kva skyn hev vel han paa slikt? Det heiter for eit gamalt ord: hesten renner ikkje fraa sitt gode foder, og hev ein det godt skal ein vera der ein er. So her og. Det skal undra meg um eg ikkje saag kva endelykti vert paa det heile.

Anisja. Nei det nyttar nok ikkje aa ha løyndomar for deg, Matrøna. Du veit alt. Eg hev ei stor synd paa meg: eg held av sonen din.

Matrøna. Næ—æ! Det var daa nytt for meg. Det visste eg somenn ingen ting um. Aa, baane