Side:Tolstoi-boki.djvu/72

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

mitt, den gamle Matrøna er so logn so logn, at det halve kan vera nok. Eg seier deg, den gamle Matrøna ser ei heil aln ned under jordi. Eg kjenner til det heile! Eg veit kva det hev paa seg naar unge konor fær bruk for pulver til aa sova paa. (Løyser upp eit tørklæde med nokre pulver i smaa brevleppar). Der eg skal sjaa, der ser eg; men der eg ikkje skal sjaa, der korkje ser elder høyrer eg, elder veit nokon verdens ting. So er no eg. Den gamle Matrøna hev og vore ung eingong. Ho hev og maatta brukt sitt vit med det gamle narret ho hev aa dragast med. Der er ikkje dei hokus-pokus ho ikkje kjenner. Eg ser nok, tuppa mi, kor gamlingen din hev gjenge og skranta til det no er berre skinn og bein att. Kva er vel det aa liva med? Um ein so stakk han med ein høykrok, kom det ikkje blod. Til vaaren skal me sjaa du kan leggja han i jordi. So maa der daa ein til aa styra garden. Og kvi skulde sonen min ikkje kunne vera god nok til det? Han er daa iminsto likso god som nokon annan. Kva bate hev eg so av aa taka han burt fraa ein stad der han hev det godt? Eg vil daa ikkje mitt eiget baan vondt.

Anisja. Berre han ikkje stryk ifraa oss.

Matrøna. Nei, fuglen min, ver du berre roleg! Det er berre dumskap. Du kjenner daa gamlen min. Det er smaatt med vit der, gubetre! Men hev han eingong sett seg noko i hovudet, so er det ikkje til aa faa ut av han, kva ein so gjer.