Side:Tolstoi-boki.djvu/70

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Anisja. Det er det du skal koma ihug. Gamlingen min kan gaa av og døy ein av dagarne, og so er det ende paa all denne synd. Me vigjer oss, og so vert du mannen i huset.

Nikita. Den tid, den sorg. Eg for min part arbeider som var det for meg sjølv. Husbond held av meg for det. Kona hans hev og eit godt auga til meg; men at kjeringarne ser blidt til meg, er daa ikkje mi skuld, veit eg.

Anisja. Vil du so halda rett av meg?

Nikita. Um eg vil! (tek henne i fanget.) So lenge hjarta pikkar i livet paa meg...

Aattande koma.
Dei fyrre og Matrøna.

(Med same Matrøna kjem inn, skvett dei fraa kvarandre).

Matrøna (krossar seg lenge for helgenbilætet i den eine kroken av stova). Bevars! Eg hev korkje høyrt elder set noko. Du fjasa nok litt med den unge kona, men kva gjer det? Um det so er ein kalv, hev han hug til aa leika eingong imillom. Kvi skulde ein ikkje fjasa litt i ungdomen? Men kva eg vilde seia, sonen min, far er ute og vil tala med deg.

Nikita. Eg var berre inn etter øksi.

Matrøna. Javisst. Eg veit nok kva øks det var. Ho er altid der kvinfolka er.

Nikita (gjeng burt til omnen og tek øksi). Kor er det so, mor? Er det verkeleg aalvor med det