Side:Tolstoi-boki.djvu/69

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


Anisja. Eg veit daa, at naar du ikkje sjølv vil, kan ein ikkje draga deg til brudestolen med magt.

Nikita. Kor eg so vender og snur det, maa eg nok lyda gamlingen. Men det er synd aa seia at eg hev lyst.

Anisja. So slaa deg vrang, og seg at du ikkje vil.

Nikita. Nyleg var der ein som helder ikkje vilde, og slog seg vrang; men i overretten gjorde dei seg ikkje meir fyre — dei gav fyren ei lusing. Det kan eg ikkje seia eg er noko huga paa. Det skal riva stygt i kroppen, seier dei.

Anisja. Er det no tid til aa fjasa! Eg vil seia deg noko, Nikita. Gjeng du av og tek Marinka til kone, so veit eg ikkje kva eg kjem til aa gjera med meg. Eg tek livet av meg. Eg hev synda storleg, og brote den lovnaden som eg gav for altaren; men det læt seg ikkje umatt-gjera. Men det seier eg deg, at tek du no ifraa garden, so...

Nikita. Kvi skulde eg vel det? Tenkte eg paa slikt noko, kunne eg gjenge for lenge sidan. Det er ikkje lenge sidan Ivan Semjonitsch spurde um eg vilde vera kusk hjaa han; og er det nokon stad ein hev det godt, so er det der; men eg gjekk ikkje! Eg tenkjer som so at eg kan faa det godt kvar det skal vera. Heldt du ikkje av meg, so var det ei onnor sak.