Side:Tolstoi-boki.djvu/68

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Anisja. Det er det ivegen, at dei berre vil sjaa aa verta av med meg. Men gjeng du ut paa det, so er nok ikkje eg helder ibeit. Der hev du heile grunnen.

Nikita. Anisja! Men kva er no det for noko! Trur du eg vil gløyma deg? Aldri i livet! Nei, det kan der ikkje vera tale um. Ser du, eg hev rekna det so ut, at um gamlingen tvingar meg til aa gifta meg, so hev du meg snart her attende korso. Nei, berre han ikkje tek meg fraa garden...

Anisja. Kva skal eg med deg, naar du fyrst er gift?

Nikita. Kva skal ein gjera; ein kan daa ikkje gaa imot far sin.

Anisja. Far sin! Plent som var det far din og ikkje deg, det kjem ved. Det er nok longe avtalt millom deg og gjenta di, ho der Marinka fraa jarnvegen. Det er ho som hev sett deg flugor i hovudet. Det var ikkje for ingen ting ho kom rennande her ein dagen.

Nikita. Marinka?! Kva bryr eg meg um henne! Det er somen nok av det slaget som renner etter meg.

Anisja. Men kva vil daa gubben her? Det er du som hev sendt bod etter han, din skjelm! (græt).

Nikita. Anisja! Er du reint hugsnudd at du kan koma med slikt! Eg hev ikkje drøymt um det. Det er noko gamlingen hev teke av sitt eige hovud.