Side:Tolstoi-boki.djvu/7

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

vart den setningen fastslegen, at diktaren turvte kje bry seg um dette; han hadde den sergaava, at han gav lærdom og visste kje sjølv um det. «Og eg dreiv paa,» seier Tolstoi, «aa skriva og læra, og visste kje kva eg lærde.»

Paa denne maaten gjekk tie aar til. Det var nok sumt som var rart. Forkynnarane av det nye livssynet var usams seg imillom; og dei slost og kjekla og var etter kvarandre med alleslags fantestykke. Sume trudde kje det grand paa heile læra, men tenkte berre paa sjølve-seg; i det heile var det skrap, mesteparten av desse folk, tykte han, — endaa laakare en dei han kjende fraa sine villskaps- og hermans-dagar. Han vart lei av dei, ja tykte stundom han var i ei rein daarekiste. Men so reiste han i utlandet og raaka der gjæve menner, som styrkte han i hans «utviklings»-tru.

Det gamle spursmaalet: korleis skal me leva? svara han no so paa: me skal leva i samhøve med «framgangen». Det var, seier han, som naar ein mann i ein baat ikkje vilde spyrja kva veg han skulde styra, men berre: kva veg driv det.

Og meir og meir «lærar» vart han, skreiv og skreiv, og tok endaa til aa arbeida for folkeskular. So gifte han seg og kom gjenom eit godt og hyggjelegt heimliv noko so nær i ro. Og det gjekk endaa eit ti-aar.

Men det gamle spursmaalet um livet og livsens meining braut seg no innpaa han fraa andre kantar. Det viste seg, at han, som trudde seg lærar for folket, ja for verdi, hin visste kje kva han skulde læra sine eigne baan. Og hadde ingen tanke um, kva han i grunnen sjølv livde fyre. Dette kom att gong paa gong, og tok han sterkare og sterkare. Ei vonløyse kom yver han; kvar gong han saag, kor raadlaus