Side:Tolstoi-boki.djvu/8

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

han i grunnen stod, var det som livet stansa for han; han visste kje kva han skulde ta seg fyre elder tenkja.

Alt han hadde fare med og fór med, vart innhaldslaust og tomt. Det var skravl og skryt og ord og ingenting. Det førde ingenstad av. Gjekk han fram ved det? Vart andre betre elder sælare ved det? Var det til gagn elder hjelp paa nokon kant? Han kunde spyrja som han vilde, svaret vart berre nei og nei.

«Framgangen?» Kor vilde me tala um framgang, naar me ikkje visste kor det bar av? — I morgo kom dauden, og alt vaart verk og all vaar vinning vart til makk og stank og ein tom ljod. Tenkjarane visste ingen ting. Fraa Salomon til Schopenhauer song dei den same song: alt er faafengd og aands fortæring.

Livet var ei prette dei hadde gjort han, eit stygt og taapelegt skalkestykke han gjekk narr fyre; inkje noko var der, som gav det verde elder maal. Det rauk sund i henderne paa han; di meir han tenkte, di mindre forstod han. Det store tome inkjevetta vart svaret paa alt.

Det var i den tidi han maatte halda snøre og reip burte fraa soveromet sitt, og ikkje torde taka byrsa med, naar han gjekk i skogen.

*

For han vilde ikkje gjera ende paa seg helder. Og til sist kjende han seg med all sin visdom eit stort narr. Eit av tvo: var han ikkje fornøgd med livet, so fekk han lata det fara; men naar han ikkje kunde lata det fara, — og naar ætti i det heile heldt paa det og levde det slikt det var, — so maatte det vel hava eit verde korso.