Side:Tolstoi-boki.djvu/63

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Akulina. Kven? Hestarne?

Peter. Ja kven skulde det elles vera?

Akulina. Strakst (spring ut).

Andre koma.
Peter og Anisja.

Peter. Den dagdrivaren! Han ist daa helder ikkje røra seg til det allerminste.

Anisja. Men sjølv er du daa snop istaden! All dagen ligg du og driv paa omnen elder sit og hengjer ved glaset. Du kan berre komandera og vera bisk mot folk.

Peter. Kveste ein ikkje fraa seg ein grand, kom ein nok snart til aa gaa fraa hus og heim. Jøye meg for folk ein skal dragast med!

Anisja. Du vil ein skal gjera ti ting um gongen, og naar ein ikkje det kan, brukar du munn. Det er lett aa komandera, naar ein sjølv ligg og driv.

Peter (sukkar). Aa, hadde eg berre ikkje denne sjukdomen aa dragast med, so skulde eg ikkje ha han ein dag lenger i huset.

Akulina (ute). Ptro, ptro, ptro.

(Eit fyl kneggjer, ein høyrer hovslag i tunet, derpaa vert porten stengd).

Peter. Han gjer ikkje anna en aa drøsa fraa morgon til kveld. Nei eg skulde ikkje halda paa han, det er visst.

Anisja (rengjer etter han). Skulde ikkje halda