Side:Tolstoi-boki.djvu/64

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

paa han ... Du skulde sjølv ta fatt, so kunne du faa drøsa med.

Tridje koma.
Dei fyrre og Akulina.

Akulina. Eg hadde so nær ikkje fenge dei inn. Det var den graaskimlutte ...

Peter. Men kvar er daa Nikita?

Akulina. Nikita? Han stend ned paa vegen.

Peter. Kva stend han der etter?

Akulina. Kva han stend der etter? Han stend der og drøser.

Peter. Ein kjem ingen veg med henne. Kven drøser han med? Akulina. Kva?

(Peter fiktar med handi. Akulina set seg til att aa spinna).

Fjordekoma.
Dei fyrre og Anjutka.

Anjutka (kjem springande inn. Til moderi). Far Og mor til Nikita er her. Dei vil ha han heim med seg. Missann!

Anisja. Det er daa ikkje sant vel?

Anjutka. Giv eg maa døy paa staden um det ikkje er sant! (lær). Eg kjem frammed, og so seier Nikita: »Far vel, Anna Petrovna!« seier han. »Lat meg no sjaa du kjem ut til oss naar eg skal ha bryllaup«, seier han, »og fær deg ein svingum. Eg reiser no fraa dykk«, seier han og lær over heile anlitet.