Side:Tolstoi-boki.djvu/62

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Fyrste vending.
Ei romsam stove hjaa Peter.
Fyrste koma.

Peter held paa gjera istand ein hestesele. Anisja og Akulina sit ved kvar sin rokk og spinn med’ dei syng ein tvostemmig song.

Peter (ser utgjenom glaset): No er hestarne slopne ut att. Fyrr ein veit ord av, slær dei fylet ihel. (ropar) Nikita, Nikita! Er du reint dauv? (lyder. Til kvinfolki). So tig daa still ! Ein kan ikkje høyra manne maal.

Nikita (ute). Kva er det?

Peter. Jag hestarne inn!

Nikita (som fyrr). Ja vel! Giv berre tol.

Peter (rister paa hovudet). Aa, desse drengjerne ! Var eg frisk, skulde eg aldri i livet ha ein einaste. Ein hev berre fortræd av dei. (Stend upp og vil gaa, men set seg til att). Nikita! Nei det hjelper ikkje, kor mykje ein ropar. So gakk daa ei av dykk. Akul! gakk ut og jag dei inn.