Side:Tolstoi-boki.djvu/56

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


tri gamlingarne, men med kvart kom dei or syne, og han saag berre øyi; tilsist timde han ikkje den helder, og einast havet laag glitra i maaneglansen.

Pilgrimarne hadde lagt seg til ro og det hadde vorte stilt umbord; men bispen hadde kje hug til aa sova. Han sat der i bakstamnen og skoda attover havet der øyi hadde kome or syne, og han tenkte paa dei gode gamle mennerne han hadde lært aa kjenna. Han kom ihug kor glade dei vart av at dei fekk læra aa beda til Gud, og takka Herren di han hadde fenge hjelpt dei og lært dei Guds ord.

Med’ han sat soleis i tankar og skoda attover havet som laag vogga seg i lange diningar og sume stader vart som forsylva av maaneglansen, tok det til aa svimre for han. Best det er ser han, at i den stripen av havet der maaneglansen er sterkast viser der seg noko kvitt og skinande, som ein maase elder eit segl. «Det maa vera ein seglbaat,» tenkjer han, «som styrer etter oss og halar inn paa oss. Fyrst var det knapt so vidt ein saag han, og no er han alt nær ved. Men er det ein baat? Det kvite der er ikkje likt til segl helder. Kva det so er, so er det noko som halar inn paa oss.»

Det var uraad for bispen aa avgjera nm det han saag var ein baat, ein fugl elder ein fisk. Det var for stort til aa vera eit menneskje, og eit menneskje kan desutan ikkje gaa her ute paa