Side:Tolstoi-boki.djvu/55

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Bispen tok det uppatt, og lét dei gamle mennerne nemna det etter seg. Han sette seg ned paa ein stein, med’ dei gamle stod umkring han og fylgde munnen hans, so dei kunne ta ordi uppatt etter han. Heile dagen arbeidde bispen med dei og tok uppatt kvart ord, ikkje ti gonger, men tjuge, ja hundrad gonger; men gamlingarne kom ikkje etter det. Han miste likevæl ikkje tolmodet; men kvar gong ein av dei mistok seg, retta han paa det og lét alle tri taka paa att fraa fyrst av. Han gav seg ikkje fyrr dei hadde lært bøni utor, so dei kunne lesa ho baade isaman og kvar for seg. Den eldste var den som fyrst lærde ho, og daa han var ferdig, gav bispen seg til med dei tvo andre, til dei med kunne heile bøni.

Det tok til aa skymest, og maanen hadde alt vist seg over havflata fyrr bispen reiste seg og tok umbord. Daa dei skildest, fall gamlingarne paa kne for han; men han lyfte dei kjærlegt upp og kyste kvar iser, og mana dei til aa beda som han hadde lært dei. Sette han seg so i baaten og siglde ut til skipet.

Paa vegen dit ut høyrde han kor dei tri gamlingarne las Herrens bøn med høgt maal. Daa han kom ut til skipet høyrde han nok ikkje meir til dei, men ein kunne enno i maaneskinet sjaa kor dei stod paa same flekken. Daa bispen var komen umbord, vart ankeret letta og skipet siglde vidare. Bispen sette seg i bakstamnen og sat der stirde mot øyi. I fyrstningi saag han enno dei