Side:Tolstoi-boki.djvu/54

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Og just som han hadde sagt dette vende han og dei tvo andre augo mot himmelen og sagde med ei røyst: «Dei heilage tri sjaa i naade til oss syndarar tri.»

«Eg ser nok» sa bispen med ein smil, «at de hev høyrt noko um den heilage trifald; men det er ikkje soleis de skal beda. Eg hev fenge god hug for dykk. Eg ser at de gjerne vil gjera Gud til viljes; men de veit ikkje korleis de skal tena han. Det er ikkje paa den maaten de skal beda. Høyr no etter, so skal eg læra dykk. Eg hev det ikkje fraa meg sjølv; men det er etter Guds heilage ord eg vil læra dykk, korleis han hev bede menneskjens baan at dei skal beda til han.

Og bispen tok no til aa fortelja dei gamle um kor Gud hadde openberra seg for menneskja, fortalde dei um faderen, sonen og den heilage ande og sa:

— Guds son er komen til verdi for aa frelsa menneskja og læra dei kor dei skal be. Høyr no etter og tak uppatt det eg seier:

«Fader vaar,» tok bispen til. «Fader vaar,» tok den eldste uppatt, «fader vaar,» sa den næste, «fader vaar,» sa den tridje. — «Du som er i himmelen.» Dei tri gamlingarne tok det uppatt, »du som er i himmelen.» Men den næsteldste forsnakka seg; den høge kunne kje faa ordi rett fram, daa skjegget var vakse han inn i munen; og den eldste som var tannlaus kunne med naudi lespa ordi fram.