Hopp til innhold

Side:Tolstoi-boki.djvu/53

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

bastmatta um hofti, so den mindre i den loslitne kjolen, og endeleg den mindste og eldste i den gamle kufta. Der stod dei alle tri, og heldt kvarandre i henderne.

Dei naadde strandi og ein av matrosarne hjelpte bispen paa land.

Gamlingarne bøygde seg djupt for han. Han enno djupare, og tok so signa dei og bøygde seg til ords:

«Eg hev frett kor de Gudsmenn held dykk her og søkjer frelse for sjæli og bed til Gud for dykkar medmenneskje. Daa Herren i si miskunn hev utset meg til aa gjæta lyden sin, so fekk eg hug til aa lydast um dykk med, og læra dykk aa dyrkja Gud, so vidt det stend i mi magt.»

Ingen av dei gamle sa noko, men stod berre og smilte, og saag paa kvarandre.

— «Seg meg no korleis de søkjer frelse for sjæli dykkar og korleis de ber dykk aat med aa tena Gud?» spurde bispen.

Den næsteldste sukka og saag paa den eldste, medan den største av dei berre hyrpte paa augnebryni. Den eldste av dei smilte og sagde: «Du Guds mann, me kan ikkje noko med aa tena Gud; me føder oss sjølve og liver berre for oss sjølve.»

«Men korleis bed de daa til Gud?» spurde bispen.

Den eldste av dei svara: «Me bed soleis: De heilage tri sjaa i naade til oss syndarar tri».