Side:Tolstoi-boki.djvu/52

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


hev set dei at det er reine tomsingar som ingen verdens ting skynar. Og so er dei so sturne som fisk.

«Naa ja, eg hev likevæl hug til aa sjaa dei,» sa bispen. «Før meg derinn. Eg skal nok betala for umaken.»

Kapteinen hadde ikkje no anna aa gjera en styra inn til øyi. Det vart sett ein stol fram paa dekk til bispen som herifraa gav seg til aa halda utkik saman med det andre ferdafolket. Sume som hadde gode augo saag alt nokre steinar paa øyi og ei jordhytte; ja der var tilmed ein som hadde fenge auga paa dei tri gamlingarne. Kapteinen fekk no fram kikerten, saag i han, og rette han derpaa til bispen med dei ord:

«Jau det er nok so. Til vinstre for den store steinen der paa strandi stend det tri menneskje.»

Bispen med saag no dei tri gamle mennerne som stod paa strandi og heldt kvarandre i henderne.

«No kan me ikkje koma lenger inn med skipet,» sa kapteinen, «men um De so vil, kan me setja Dykk iland med baat. So skal me liggja her og venta imedan.»

Dei tok ned segli, og let ankeret gaa. Dermed stansa farten. Ein baat vart sett paa sjøen. Matrosarne gjorde troppi istand og hjelpte bispen ned i baaten. Manskapet rodde godt, og snart var dei inn ved øyi. Bispen saag no skile dei tri gamle mennerne. Fyrst den høge, nakne, med