Side:Tolstoi-boki.djvu/51

Fra Wikikilden
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne siden er korrekturlest


smilande: »Sjaa i naade til oss!« Og daa vart han roleg.«

Med fiskaren fortalde hadde skipet nærma seg til øyarne.

»No ser me øyi tydeleg,« sa kjøpmannen, »vil høgvyrde bispen gjera væl og sjaa.«

Bispen gav seg til aa sjaa dit dei peika, og timde no ei svart stripe; det var øyi. Daa han hadde stade set ei stund, gjekk han burt til styrmannen og spurde kva denne øyi heitte.

»Ho hev ikkje noko namn, høgvyrde,« svara styrmannen. »Det er so mange av dei.«

»Er det sant kva dei fortel,« spurde bispen, »um dei tri gamlingarne som liver der for aa frelsa sjæli.«

»Ja, eg hev nok høyrt noko um dei; men eg veit ikkje so plent um det er sant. Fiskarane seier at dei hev set dei; men kanskje er det berre noko snakk.«

»Eg skulde nok ha lyst aa koma over paa øyi og faa sjaa dei,« sa bispen. »Korleis skulde det la seg gjera?«

»Me kan ikkje leggja til med skipet, men ein kan ro inn til med baat,« sa styrmannen. »Det kjem elles an paa kva kapteinen seier.« Bispen gjekk so til kapteinen. »Ja« — sa denne, som nok ikkje var huga paa dette. »Ein kunne nok; men det vil ta mykje tid, og eg kan forsikra bispen um at det ikkje er umaken verdt. Eg hev sjølv høyrt av folk som