Side:Tolstoi-boki.djvu/5

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


Der var det i vegen, at han hadde teke til aa tenkja yver livet sitt. Kva levde han etter? Kva meining elder maal var der i livet hans? Kva skulde alt dette føra til? Var det anna en jugl og juks alt i hop? Og naar han ein dag skulde døy, vilde det so vera nokon ting att av det heile?

Han fann kje svar paa desse spursmaali. Og livet vart so tomt for han, at han ikkje forstod kva han skulde med det lenger.

*

Tidleg hadde han mist foreldri sine, men vart fostra etter sitt stand og fekk det folk kallar ei god upplæring.

Men under dette miste han Gud. Og hugen til det gode, som i den fyrste ungdomen hadde vore rett vaken i han, døyvdest ned av det han saag og høyrde ikring seg. Han fortêl sjølv um dette i eit «Skriftemaal». Naar han prøvde aa gjera noko godt, lo dei helst aat han og gjønte; men gjorde han det vonde, fekk han samtykkje og ros. Dette tôlde kje umagen; og det vonde, som daa og var sterkt nok i han, fekk meir og meir magti.

Han gjekk paa hermanns-skule og vart offiser; laag desutan nokre aar ved høgskulen og las retslære. Men daa han vart myndig drog han ut til herregodset sitt og levde der paa russisk stormannsvis i sus og dus og let sine liveigne træla for seg. I tie aar heldt dette paa. Sidan var han eit bil ute i krigen.

Desse tiderne kan han aldri minnast, seier han, utan rædsle, mothug og sorg. «Det finst ikkje den styggedom eg ikkje den gongen kunde ha