Side:Tolstoi-boki.djvu/4

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
Inngang.
———


Um Leo Tolstoi inneheldt Syn og Segn (Decbr. 1896) eit stykkje, som me her med løyve av uppsetjaren og Samlaget prentar av som innleiding:

Leo Tolstoi var uppimot 50 aar gamal, og hadde alt som eit mannsbaan kan ynskja seg: helse og kraft, rikdom og gods, hus og heim, gilde baan og ei kone han heldt av, dertil ære og ros, adeleg rang, og eit diktarnamn som naadde ut yver all heimen. Og dette diktarnamnet var so ærleg fortent som det kunde vera. Han stod og stend som ein af dei alra fyrste i si tid; bøker som «Krig og fred», «Kosakkarne», «Anne Karénin» er framifraa i si storlagde ro, sit djupe, sjølveigne syn, si hugtakande magt og si rike livsrøynd.

Men denne sæle mannen, som eig alt det jordi kan bjoda av gildt og godt, han gjeng der paa herregarden sin og maa agta seg kvar gong han ser tog elder reip, og tor kje taka byrsa med seg, naar han gjeng i skogen; — han er rædd han kunde koma til aa gjera ende paa seg.

Kva er der i vegen?